Du er her:

Personvern i elektroniske skjema

Oppdatert: 10.03.2015

Altinn sin brukardatabase

Altinn har ein brukardatabase som inneheld namn, fødselsnummer og adresse henta frå Det sentrale folkeregisteret*.

Les meir om personvern i Altinn

Hentar adresser frå folkeregisteret

Nokre av Fiskeridirektoratet sine elektroniske skjema krev at du identifiserer deg med fødselsnummeret ditt. Når du oppgjev fødselsnummer, kan Fiskeridirektoratet få tilgang til informasjon om deg frå Det sentrale folkeregister. Fiskeridirektoratet hentar berre inn opplysingar som er nødvendige for å kunne saksbehandle søknaden din. Til dømes kan det vere nødvendig å hente søkjaren si bustadadresse frå folkeregisteret*.

Fiskeridirektoratet har fått løyve frå Skattedirektoratet til å hente desse opplysingane.

Frivillig for privatpersonar å bruke Altinn

Elektroniske skjema som rettar seg mot privatpersonar er tilgjengelege både i elektronisk form og i papirversjon. Du bestemmer sjølv om du vil søkje elektronisk eller om du vil fylle ut søknad på papir og sende til oss per post.

Behandling av personopplysingar

Alle personopplysingar frå elektroniske skjema er underlagt retningslinene som følger av lov av 14. april 2000 nr. 31 om behandling av personopplysingar (personopplysningsloven).

*) Verken Altinn eller Fiskeridirektoratet har tilgang til å hente adresser som er klientadresser, hemmelege adresser eller adresser som er rekna som fortrulege.