Du er her:

Øyvind Lie ny havbruksdirektør

Oppdatert: 21.04.2017

Øyvind Lie er ansatt som ny direktør for kyst- og havbruksavdelinga i Fiskeridirektoratet.

Øyvind Lie (Foto © Nifes)

Øyvind Lie (60) er i dag forskningsdirektør ved Nasjonalt institutt for ernæring og sjømatforskning – Nifes, der han også var direktør fram til 2016. Han begynte som forskar på dåverande Fiskeridirektoratets ernæringsinstitutt og var direktør der då instituttet i 2004 vart skilt ut frå direktoratet og etablert som sjølvstendig forskningsinstitusjon.

- Øyvind Lie er ein svært erfaren leiar og som kjenner havbrukssektoren og offentleg sektor godt frå si tid som direktør og forskar på Nifes. Vi er svært glade for å få ein så solid og kunnskapsrik leiar med oss på laget, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.

Øyvind Lie tar til i stillinga som direktør ved kyst- og havbruksavdelinga 1. juli.

- Eg ser fram til å begynne i ein ny spennande jobb og ta fatt på nye oppgåver i Fiskeridirektoratet, seier Øyvind Lie.