Du er her:

Fiskeridirektoratets sjøteneste

Oppdatert: 26.07.2017

1. august endrar overvakingstenesten for fiskefelt (OVT) og tidlegare sjøteneste Nord og sjøteneste Sør namn til Fiskeridirektoratets sjøteneste. Sjøtenesten overvaker utøving av fiske og tek prøver av fangst for å undersøke storleik og innslag av bifangt.

For å vere rusta til å utføre arbeidet best mogleg vil Fiskeridirektoratet skaffe nye hurtiggåande fartøy. Å bidra til betre kunnskap om kystnære ressursar vil vere ei sentral oppgåve for sjøtenesten framover.

– Sjøtenesten har også inspektørar om bord på fartøy i ordinært fiske og på innleigde fiskefartøy. Dei gjer feltundersøkingar og tek prøver av fangst for å undersøke storleik og innslag av bifangst, fortel regiondirektør Gunnar Trulssen i region Nord.

Stenging og opning av fiskefelt

På bakgrunn av desse prøvene vert det bestemt om fiskefelt ska stengast eller opnast. Kunnskapen som vert henta inn er viktig også for forsking.

Sjøtenesten har, sidan OVT vart starta i 1984, samla inn fiskeridata til Havforskingsinstituttet og det vil framleis vere ein del av dei prioriterte oppgåvene.

– I tillegg har sjøtenesten eit særleg oppsyn med fiskefelt der det er stort press. Døme på dette kan vere Lofotfiske, loddefiske og fiske etter norsk vårgytande sild, seier Trulssen.

Sjøtenesten har eit tett samarbeid med Kystvakta, og samarbeidar med eigne og andre etatar om utvikling av blant anna selekterande fiskereiskapar. Dei kjem også med innspel til nytt regelverk.

Ikkje berre yrkesfiske

Sjøtenesten skal jobbe tett saman med Fiskeridirektoratet sine regionar, og vil ha ansvar for all sjøgåande aktivitet i direktoratet.

– Hovudoppgåvene vil framleis vere overvaking og sjøgåande kontroll, stenging og opning av fiskefelt og å hente inn kunnskap til forsking og forvalting. Men det er ikkje berre yrkesfiske som vert kontrollert. Oppfølging av fritids- og turistfiske vil også vere ei prioritert oppgåve. Sjøtjenesten sine hurtiggåande fartøy vil også kunne nyttast til tilsyn med havbruksnæringa, fortel Trulssen.

Aktiviteten i kystsona er aukande, og det er viktig å ha så god kunnskap som mogeleg om dei marine ressursane og korleis ulik aktivitet påverkar desse.

Dei nye fartøya har stor kapasitet og kan brukast til transport av både utstyr og ekstra personell. Undervassfarkost (ROV) vil vere ein del av utstyret om bord.

Stor aktivitet

For å utføre oppgåvene leiger Fiskeridirektoratet inn ulike fartøy. Kostnadane knytte til sjøtenesten vert delfinansierte gjennom midlar frå fiskeriforskingsavgifta.

– Så langt i år har Sjøtenesten leigd inn ni fiskefartøy. Inspektørane i sjøtenesten har om lag 2600 toktdøgn og kontrollerer om lag 3250 fangstoperasjonar i løpet av eit år, opplyser Trulssen.

Fiskeridirektoratets sjøteneste er organisert som ein seksjon i region Nord med base i Tromsø. Seksjonen vert leia av seksjonssjef Rolf Harald Jensen.