Du er her:

Fiskeridirektoratets Miljøpris 2017 til Geir Helge Johnsen

Oppdatert: 15.08.2017

Årets Miljøpris er tildelt Geir Helge Johnsen som inntil 1. august var dagleg leiar i selskapet Rådgivende biologer AS i Bergen. Johnsen er i dag ansvarleg for fagområdet vatn i same selskap.

Geir Helge Johnsen er ein gründer og pionær, og har vore leiar i Rådgivende biologer i 22 år. Gjennom sitt virke som dagleg leiar i Rådgivende biologer har Geir Helge Johnsen satt sitt preg på utviklinga av norsk akvakultur.

- Geir Helge Johnsen har bidratt betydeleg til utviklinga av den miljøkompetansen som både forvaltning og næring har hatt bruk for – ikkje minst for at næringa har kunne vekse fram mot det den er i dag, seier fiskeridirektør Liv Homefjord.

Rådgivende biologer AS vart etablert i 1987 og vaks fram frå det gryande og innovative biologimiljøet knytt til akvakultur – ved Universitet i Bergen.

Relevant kunnskap

— Tilgang på relevant kunnskap har vore heilt avgjerande for framveksten av norske oppdrettsnæring, seier Holmefjord.

Oppdrett i Norge, spesielt av laks og aure, har nærast vakse fram frå småskalaproduksjon på byrjinga av 70-talet til milliardindustri i dag.

Kunnskapen som er hovudårsaka til dette omfattar både teknologi og naturvitskap – ikkje minst biologi – læra om den levande naturen.

I statuttane til miljøprisen står det at «Fiskeridirektoratets Miljøpris går til innsats som har ført til eller kan gi økt miljøgevinst». Arbeidet som Geir Helge Johnsen har stått i spissen for har gitt stor miljøgevinst for norsk oppdrett.