Du er her:

Fiskeridirektoratet på Aqua Nor 2017

Oppdatert: 11.08.2017

Aqua Nor utan Fiskeridirektoratet er som kjøttkaker utan saus, og vi er sjølvsagt på plass også i år. Du finn oss på same stad som før, stand D 301 rett utanfor hall D. Standen vår skal vere ein arena for relasjonsbygging, dialog og kunnskapsdeling. Vi har derfor lagt opp til ei rekkje aktivitetar på Aqua Nor 2017.

Fiskeridirektoratets logo. Foto © Fiskeridirektoratet

På opningsdagen startar vi klokka 12.05 med eit miniseminar om det nye norgeskartet for oppdrett (produksjonssonar), supplert med orientering om vår nye kommunikasjonskanal mellom næring og forvaltning, Minside.

Utdeling av Fiskeridirektoratets miljøpris skjer i år på ettermiddagen tysdag 15. august, nærare bestemt klokka 14.30 på vår stand.

Meir seminar og foredrag

Onsdag og torsdag blir det meir seminar og foredrag der vi konsentrerer oss om revidering av standard NS 9415 midt på dagen, og deretter historien om lakserømminga frå lokaliteten Bergadalen, fortalt av selskapet sjølv ved dagleg leiar i Lingalaks AS, Erlend Haugarvoll.

På torsdag klokka 12.05 skal det handle om lus med innlegg frå Fiskeridirektoratet, Mattilsynet og Europharma.

Siste post på programmet på torsdag er overføring av teknologi frå offshore til akvakultur. Her får vi spennande innlegg frå Sintef og Kongsberg Maritime.

Fiskesuppe?

Og lurar du på om vi serverer vår berømte fiskesuppe? Ja, vi serverer fiskesuppe kvar dag og det er berre å stille seg i kø litt før 12.00 og 15.00.

Miniforedrag under Aqua Nor

Nytt Norgeskart for akvakulturforvaltning

Revisjon av NS 9415: Teknologien utvikler seg – standarden må følge med

Hvordan håndterte Lingalaks rømmingen fra Bergadalen?

Aktsomhet ved utslipp av lusemidler

Teknologioverføring fra offshore til akvakultur