Du er her:

- Meir ressurskrevande med fem regionar

Oppdatert: 21.05.2015

Fiskeriminister Elisabeth Aspaker har no bestemt at Fiskeridirektoratet skal ha fem regionar mot sju i dag. Fiskeridirektør Liv Holmefjord sitt forslag var tre regionar.

Regionstrukturen i Fiskeridirektoratet vil dermed bli slik:

  • Region Troms og Finnmark med regionkontor i Tromsø
  • Region Nordland med regionkontor i Bodø
  • Region Midt med regionkontor i Ålesund
  • Region Vest med regionkontor i Måløy
  • Region Sør med regionkontor i Egersund

Det betyr altså at regionane Finnmark og Troms blir slått saman til eín region og Trøndelag og Møre og Romsdal blir slått saman til eín region.

Mindre rasjonelt

- Dette er eit skritt i riktig retning, sjølv om eg helst hadde sett at statsråden landa på tre regionar. Vi tar beslutninga til etterretning og skal sjølvsagt følge dette opp. Ein regionstruktur med fem regionar vil bli meir ressurskrevande, fordi vi truleg ikkje vil oppnå den same effekten som vi ville fått med tre regionar, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.

Fiskeridirektøren framhevar at eit viktig poeng med forslaget om tre regionar var å drive Fiskeridirektoratet meir rasjonelt og på den måten rigge forvaltninga for framtidas utfordringar.

- Eg legg til grunn at departementet har merka seg at vi no ikkje vil kunne oppnå same gevinst som vi kunne fått med færre regionar. Tanken har vore å leggje til rette for ein kompetent og effektiv forvaltning gjennom å byggje sterke fagmiljø, og der regionane kunne ta ansvar for fleire av direktoratet sine oppgåver enn i dag. Det er framleis aktuelt å delegere fleire oppgåver frå hovudkontoret til regionane, men omsynet til rasjonell drift og lik handsaming av like saker må liggje til grunn for framtidig oppgåvefordeling, seier Holmefjorhd.

Forhandlingar om fiskerikontor

Når fiskeriministeren no har bestemt seg vil fiskeridirektøren legge ein plan for gjennomføring av ny regionstruktur.

- Vi tar sikte på å gjennomføre vedtaket så raskt som mogeleg etter at ein del formelle ting er avklara, seier Holmefjord.

Vedtaket i Nærings- og fiskeridepartementet seier ikkje noko om fiskerikontorstrukturen og departementet har overlatt fiskerikontorstrukturen i dei nye regionane til fiskeridirektøren. Ei endring i talet på fiskerikontor vil derfor bli gjenstand for forhandlingar med arbeidstakarorganisasjonane, i tråd med avtaleverket i staten.