Du er her:

Turistfiskebedriftene i Nordland er positive til registreringsordning

Oppdatert: 04.10.2017

Dei ber om at registreringa vert enkel og ynskjer også velkomen registrering av fangst. Dette var tilbakemeldingane frå turistfiskeanlegg i Nordland, då Fiskeridirektoratet besøkte dei fleste av desse på seinsommaren.

– Vi har vore innom om lag 35 anlegg, for å informere om regelverket for turistfiske og om at det frå 1. januar 2018 vil gjelde ny forskrift for desse bedriftene. Alle, utan unntak, vil nytte ei registreringsordning når denne er på plass, seier inspektør Trond Blom ved region Nordland.

Ynskjer eit enkelt regelverk

Spørsmåla frå bedriftene gjekk på korleis registreringa av anlegga skulle vere, med eit ynskje om at denne måtte bli så enkel som mogleg.

– Vi delte ut aktuelt informasjonsmateriell og gjekk gjennom minstemålsreglane og fortalde om fritidsfiskeappen. Så langt er inntrykket vårt at vi dekker dei fleste utanlandske turistfiskarane med dei språka som er lagt inn i appen, fortel Blom.

Positive til registrering

På Helgelandskysten er det stor avstand og mange turistfiskeanlegg. Difor fekk Fiskeridirektoratet hjelp av Kystvakta til å dekke dette området. Saman med «KV Magnus Lagabøte» fekk vi besøkt om lag 28 anlegg på tre dagar.

Turistfiskebedrift med leiligheter og båter. Foto: © Fiskeridirektoratet

Alle som driv turistfiskebedrifter ynskjer at uttaket som blir fiska skal bli registrert, slik at vi kan berekne kor stort uttaket av fiske er i denne næringa.

– Det var ulike oppfatningar om korleis dette skal bli registrert; alt frå ein app som turistane sjølve kan registrere det som dei fisker til at dei som driv anlegget står for dette, opplyser Blom.

Trygg på sjøen

I tillegg til informasjon om nytt regelverk fekk turistane også høyre om tryggleik på sjøen. Kystvakta fortalde om korleis dei kunne kome i kontakt med hovudredningssentralen dersom uhellet skulle vere ute. 

– Bedriftene vi besøkte ynskte at vi kunne kome innom til neste år når registreringsordninga trer i kraft saman med dei nye reglane. I dag veit vi jo endå ikkje heilt korleis registreringa av fangst blir eller korleis vi skal kontrollerer dette. Men det får vi kome tilbake til, seier Blom.