Du er her:

Skjema for oppbevaring av hummar er klart

Oppdatert: 23.11.2017

Alle som skal lagre levande hummar i sjøen i desember på kyststrekninga frå grensa mot Sverige til og med Sogn og Fjordane skal varsle Fiskeridirektoratet om dette. No er det digitale skjemaet som skal brukast til slik innmelding ferdig og klart til utfylling.

Du skal bruke ID-portalen til innlogging, enten ved å logge deg inn via Min ID, bank ID eller annan godkjent pålogging. På første side i skjemaet må du fylle ut personnummer, namn, postnummer, telefonnummer og kor mange hummar du skal lagre.

På side to skal du føre opp fylke og kommune, namn på næraste stad og kartkoordinatar der humrane dine blir lagra. Det finns lenke til ei eiga forklaring på korleis du kan finne koordinatane som skal fyllast inn.

Når alt er riktig utfylt kontrollerer du skjemaet og sender det inn til Fiskeridirektoratet. Skjemaet finn du her.

Har du vanskar med å fylle ut skjemaet kan du ta kontakt med Fiskeridirektoratet på telefon 55 23 80 00 eller på epost til: postmottak@fiskeridir.no