Du er her:

Meir enn 36 000 personar har registrert seg for å få fiske hummar

Oppdatert: 03.11.2017

Dette talet omfattar både yrkesfiskarar og fritidsfiskarar. Flest registrerte hummarfiskarar er det i Hordaland, men det finns også hummarfiskarar frå Oppland. Alle fylke, med unntak av Svalbard/Jan Mayen er representerte i hummarfisket.

Det er bustadadressa du registrerer deg med, så om du bur i til dømes Gjøvik kan du fiske hummar når du er på hytta i Langesund. Registeret viser såleis ikkje kvar du faktisk fiskar, men kvar den enkelte hummarfisker er folkeregisteroppført.

Kommune- og fylkesoversikt

No kan du sjølv finne ut kor mange som har registrert seg som hummarfiskar i din kommune og ditt fylke. Du kan velje om du vil søke i registeret i ein tabell eller i kart.

I tabellen kan du sortere på fylke og kommune og skilje mellom yrkesfiskarar og fritidsfiskarar. I kartvisninga kan du sjå kor mange som er registrerte på dei ulike postnummera. Du kan også sjå informasjon for heile landet under eitt.

Strenge reglar for hummarfiske

Den obligatoriske registreringa er eit av fleire tiltak for å byggje opp hummarbestanden. Styresmaktene ynskjer å hente inn betre kunnskap om størrelsen på bestanden og om utak av hummar.
Det er innført maksimalmål for hummar på Skagerrakkysten. Dette er gjort for å ta vare på dei største individa, som bidreg mest til rekruttering til bestanden.

Neste år vert det innført påbod om bomullstråd som vert broten ned over tid (rotnetråd) i hummarteiner. Dette er for å unngå at teiner, som av ulike årsaker ikkje vert henta opp av sjøen, vert ståande å fiske (såkalla spøkelsesfiske).

Registrerte hummarfiskarar fordelt på fylke/kommune