Du er her:

Meir enn 26 000 hummar er registrerte for oppbevaring i sjø

Oppdatert: 14.12.2017

I 2017 vart det innført registeringsordning for alle som skulle fiske hummar. Samtidig vart det innført rapporteringsplikt for hummar som skulle oppbevarast i sjøen i desember. 

Så langt har Fiskeridirektoratet motteke om lag 1100 registreringar frå nesten like mange personar, og desse har meldt inn at 26 241 hummar skal lagrast levande i sjøen.

Frå Østfold til og med Møre og Romsdal

Flest registrerte hummar er det i Vest-Agder, med 8985 individ. Tett etter følgjer Rogaland med 8719. Det nordlegaste fylket der folk har registrert oppbevaring av hummar i sjø er Møre og Romsdal, der 7 hummarar er registrerte.

Ein grunn til at tala for Møre og Romsdal er så lave er at det ikkje er plikt til å rapportere hummar som vert oppbevart i sjøen frå Møre og Romsdal og nordover nord i desember. Hummarfisketida er til og med 31. desember i dette området, medan det i resten av landet (frå svenskegrensa og til og med Sogn og Fjordane) er slutt på hummarfisket 30. november.

–  Ved innføring av nye reglar for hummarfisket i 2008 vart det fastsett ein regel som gjorde det ulovleg å oppbevare hummar i sjøen i fredingstida. Hummar som skulle omsetjast kunne likevel oppbevarast i sjøen i fredingstida dersom den var meldt inn til salslaget, eventuelt til Fiskeridirektoratet dersom hummaren vart omsett mens den framleis var i sjøen, seier Trond Ottemo ved reguleringsseksjonen.

Allereie i november same år vart regelen endra for å gjere det mogleg å oppbevare hummar i sjøen i desember frå svenskegrensa til og med Sogn og Fjordane.

Må melde inn tal og stad

– Formålet med rapporteringsordninga er å effektivisere fredingsregelen. Hummar som vert fanga ulovleg i desember skal ikkje uten vidare kunne hevdast å vere lovleg fiska utanom fredingstida og så bli oppbevart i sjøen, fortel Ottemo. 

Fiskeridirektoratet foreslo difor ei registreringsplikt som også omfattar hummar som skal oppbevarast i sjøen i desember på kyststrekninga svenskegrensa til og med Sogn og Fjordane. I

– Det vil altså fortsatt vere tillate for einkvar å oppbevare hummar i sjøen i desember uavhengig av føremål, men det må meldast frå om tal på hummar og oppbevaringsstad.  Meldinga må skje til Fiskeridirektoratet sine regionar. Reglane for oppbevaring av hummar i sjøen frå 1. januar og utover vert videreført, forklarar Ottemo.

Mellom 1. januar og 1. oktober er det forbode å oppbevare hummar i sjøen, men det er gjort unntak for hummar som skal omsetjast og som innan 1. januar er innmeldt og registrert av salslaget.

Her kan du sjå kor mange registreringar som er gjort i ditt fylke:

Fylkesvis oversikt over innrapportert oppbevaring av hummar i sjø per 15. desember 2017.

Fylkesvis oversikt over innrapportert oppbevaring av hummar i sjø per 15. desember 2017.