Du er her:

Feil i nyheitsinnslag om ulovleg hummarfiske

Oppdatert: 27.10.2016

Onsdag 26. oktober hadde NRK Vestlandsrevyen og Dagsrevyen eit innslag om ulovleg hummarfiske på kysten vest av Bergen. I løpet av nyheitsinnslaget vart det frå NRK sagt at godkjent fluktopning i hummerteiner skal vere 80 mm. Dette er feil og både NRK og Fiskeridirektoratet beklagar at det vart gitt feilaktig informasjon.

Rett fluktopning i hummerteiner i fangstperioden er 60 mm. Det skal vere to fluktopningar i kvar teine og reiskapen skal vere merka med eigarens namn og adresse – og eventuelt telefonnummer.

Mange brukar dei same teinene til både hummar- og krabbefiske. I fredningstida for hummar, når teinene blir brukt til krabbefiske, skal fluktopningane vere minst 80 mm.

Då Fiskeridirektoratet tysdag 25. oktober var ute og skulle filme på kysten for å lage korte informasjonsfilmar om fritidsfiske vart det oppdaga og beslaglagt 21 ulovlege hummarteiner i eit nokså avgrensa område.

Når direktoratet kontrollerer teiner blir desse dregne om bord i oppsynsfartøyet og sjekka der. Er alt i orden blir teinene satt ut att i sjøen på same staden. Er teinene ulovlege blir dei beslaglagt og overlevert Politiet.

Alle teinene som vart beslaglagt i løpet av 25. oktober då filmopptaka vart gjort var ulovlege. Enten med for liten eller manglande fluktopning, eller mangelfull merking.