Du er her:

110 teiner og ruser inndregne i fellesaksjon mot ulovleg reiskap

Oppdatert: 03.10.2016

27. og 28. september deltok Fiskeridirektoratet, Politiet, Skjærgårdstjenesten og Statens naturoppsyn i ein felles aksjon i Agderfylka og Rogaland.

Til saman var 25 personar involverte i heile eller delar av aksjonen, som har vore planlagt lenge. Sju båtar, alle tilhøyrande Skjærgårdstjenesten, vart nytta. Først og fremst var aksjonen retta mot ulovleg fiske i sjøen, med særleg merksemd på ulovleg hummarfiske.

Mange beslag

110 teiner og ruser vart inndregne. Eit flytegarn vart også inndrege på grunn av manglande nedsenking.  I tillegg var det mange som fekk gul lapp med åtvaring om for dårleg merking av reiskapen.

Feil på fluktopning

Fleire av teinene som vart kontrollerte mangla eller hadde for små rømmingsvegar. Det varierte ein god del frå område til område kor mykje reiskap det var i sjøen.

Fellesaksjon mot ulovleg reiskap. Foto: © Fiskeridirektoratet

Kontrollen vil bli følgt opp utover hausten, både av den enkelte etat og i fellesskap.

Les reglane for fritidsfiske

Det er viktig at alle som skal fiske set seg inn i gjeldande regelverk. Eit ufråvikeleg krav er at all reiskap i sjøen skal merkast tydeleg med namn og adresse.

Dei viktigaste reglane for fritidsfiske finn du på appen «Fritidsfiske» og på fdir.no. Dei ulike etatane kan og kontaktast for meir informasjon.

Tal frå aksjonen:

Område:

Beslag:

Reiskap:

Kjent gjerningsperson:

Merknad:

Mandal

5

5

1*

*ål

Lillesand

18

29*

5

*av dette eit flytegarn

Arendal/Tvedestrand

9

9

2

tok opp to tømmerstokkar

Søgne

5

9

2

 

Kristiansand

 

 

 

 

Karmøy/Tysvær

12

30

5

 

Stavanger/Sandnes

15

29

2

 

 

 

 

 

 

Totalt:

64

111

17