Du er her:

Gje oss melding

Oppdatert: 26.06.2017

Oppdagar du at noko ikkje er i orden, set vi stor pris på om du varslar oss.

Ulovleg fiske

Fiskeridirektoratet kontrollerer fritidsfisket gjennom heile året, mellom anna i tett samarbeid med politiet og Kystvakta.

Døgnopen beredskapstelefon

Fiskeridirektoratet har eit døgnbemanna beredskapssenter (FMC) i Bergen. I kontortida når du oss på telefon 03495. Ved akutte situasjonar kan du ringe direkte til vår døgnopne beredskapstelefon 03415.

Her kan du mellom anna varsle oss om:

  • akutt forureining
  • store algeoppblomstringar
  • manetinvasjonar
  • rømt oppdrettsfisk
  • døde sjøpattedyr

Døde sjøpattedyr

Oppdagar du døde sjøpattedyr, skal du i utgangspunktet kontakte teknisk etat i kommunen der funnet er gjort, eller ein av Fiskeridirektoratets regionar.

Gjeld det større tal døde dyr, må Fiskeridirektoratets hovedkontor, telefon 03495 eller vår beredskapstelefon 03415, kontaktast.

Skipsvrak og andre kulturminne i sjøen

Båtar som er meir enn 100 år, skipsskrog, last og anna som har vore om bord i slike båtar er statens eigedom. Ingen har lov å grave fram, flytte, ta opp eller på anna måte skade slike gjenstandar.

Oppdagar du slike kulturminne pliktar du å ta kontakt med næraste politikontor på telefon 02800.

Oljeflak

Akutt forureining og store oljeflak i sjøen skal meldast til Kystverket. Deira vakttelefon for akutt beredskap er 33 03 48 00.