Omsetjing og merking av hummar

Fritidsfiskarar kan ikkje fritt selje hummar. All omsetjing av fisk og skaldyr skal skje gjennom eit salslag eller ein godkjent kjøpar. Villfanga hummar som vert omsett skal merkast.

Fritidsfiskarar kan omsetje for maksimalt 50 000 kroner i året. Meir om sal av fangsten

Som forbrukar kan ein vere sikker på at hummaren er lovleg omsett dersom den har eit ID-merke . Manglar den dette, er den ulovleg omsett. 

Merking av hummar

Villfanga hummar som vert omsett skal merkast. Slik kan forbrukaren finne ut kvar hummaren kjem frå og kva tid den er fanga.

Merkeordninga gjer at forbrukarane kan finne ut kva tid og kvar hummaren er fanga ved å kontakte salslaget. Slik kan du forsikre deg om at den norske hummaren du kjøper er lovleg omsett.

Merking av hummaren bidrar også til at at kontrollar blir betre og meir effektive og at fiskerimyndigheitene får betre oversikt over den totale fangsten av hummar. Dette er viktig for å bygge opp hummarbestanden.

Kravet om merking gjeld også hummar som vert omsett av fritidsfiskarar.

Førstehandskjøparar har ansvaret

Det er førstehandskjøparar (fiskemottaket) som har ansvar for å merke hummaren. Hummaren skal også vere merkt ved all seinere omsetnad. I Noreg må alt førstehandskjøp av hummar skje via salslaga.

Førstehandskjøparane skal merke den enkelte hummar med eit unikt identifikasjonsmerke godkjent av det salslaget som er ansvarleg for førstehandsomsetnaden.

Fiskarar som har løyve til å drive kaisal må merke hummaren sjølve.

Salslaga skal tilby kjøparane den nødvendige mengd merke.