Fredingstider og -område for hummar

Hummaren er freda store delar av året og det er etablert mange fredings- og bevaringsområde.

Fredingstider

Hummar med utvendig rogn er freda heile året.

Hummarfiskesesongen startar 1. oktober klokka 08:00 i heile landet.

Frå svenskegrensa til og med Vestland kan du fangste til og med
30. november.

I resten av landet kan du fangste til og med 31. desember.

Det er lov å sette/trekke teiner på søndagar, også på kyststrekninga frå svenskegrensa til og med Agder. Det er forbode å sette eller trekke teiner til fangst av hummar på kyststrekninga Agder til grensa mot Sverige frå ein time etter solnedgang til ein time før soloppgang.

Frå og med 1. januar til 1. oktober klokka 08:00 er det forbode å oppbevare hummar i sjøen. Det er rapporteringsplikt for hummar som vert oppbevart i sjøen i desember.

Fredings- og bevaringsområde

For deg som fiskar er det små eller ingen forskjellar på fredingsomåde og bevaringssone, anna enn varigheita på bestemmelsen for det aktuelle området.

Fredningsområde er eit vanleg forvaltingsverktøy, mens bevaringssoner er område som er oppretta for forsking i Tvedestrand kommune. Bevaringssonene i Tvedestrand er avgrensa i varigheit. 

Reiskapsavgrensingar i fredningsområda for hummar

I hummarreservata er det fleire avgrensingar i bruk av reiskap – og desse avgrensingane er litt ulike i dei forskjellige områda:

  • Frå svenskegrensa t.o.m. Austevoll: Det er forbode å fiske med andre reiskap enn handsnøre, fiskestong, juksa, dorg eller snurpenot.
  • Indre Hardanger: Det er forbode å fiske med teinar og ruser langs heile sjølinja ned til 50 meters djup rekna frå lågaste vasstand.
  • Sognefjorden: Det er forbode å fiske med andre reiskap enn handsnøre, fiskestong, juksa, dorg eller snurpenot langs heile sjølinja ned til 50 meters djup rekna frå lågaste vasstand.
  • Lustrafjorden, Aurlandsfjorden, Sogndalsfjorden: Det er forbode å fiske med hummarteiner langs heile sjølinja ned til 50 meters djup rekna frå lågaste vasstand.

Både forskrift om fredingsområde for hummar og kartverktøyet (sjå under) viser tydeleg der desse fredingsområda er.

Fredingsområda i kart

 
Du kan zoome inn og ut av kartet for å sjå dei ulike fredingsområda og bevaringssonene.