Havbeite

Oppdatert: 30.03.2017

Havbeite er ei form for akvakultur der havbeitedyra lever fritt i sjøen, men der den som har eit havbeiteløyve har ein eksklusiv rett, innanfor eit geografisk avgrensa område, til å setje ut dyr og til å hauste den bestemte arten som løyvet gjeld.

Stort kamskjell. Foto © Perth BSAC Dive Club

Søknader om havbeite vert handsama fortløpande av fylkeskommunane, mens kyst- og havbruksavdelinga i Fiskeridirektoratet er klageinstans og overordna organ. Ordninga med fortløpande handsaming av klager gjeld inntil vidare berre til og med søknader som er komne inn til fylkeskommunane før 31. desember 2015.

Fordi havbeitedyra lever fritt på botnen, er det mest praktisk å bruke stadbundne artar. Inntil vidare vert det berre gitt løyve til havbeite med hummar (Homarus gammarus) og stort kamskjel (Pecten maximus). Dersom ein ynskjer å drive havbeiteliknande verksemd med andre artar, kan det med heimel i havressurslova bli gitt løyve til utsetjing og gjenfangst av bestemte artar. Eit slikt løyve gir ingen eksklusiv gjenfangstrett for den som set ut dyra. Hovudformålet med slike løyve etter havressurslova er heller ikkje kommersielt, men å styrke dei naturlege ressursane.

Den som har løyve til havbeite er den einaste som har rett til å hauste av havbeitedyra innanfor det området løyvet gjeld. Retten til å drive gjenfangst gjeld frå den augneblinken nye dyr vert sett ut på havbeitelokaliteten. Løyvet er knytt til art, og ikkje individ. Den som har havbeiteløyve kan difor også hauste dyr som han sjølv ikkje har sett ut.

Av biologiske og miljømessige grunnar skal det ikkje gjevast løyve til havbeite nord for Vestfjorden. Det skal heller ikkje gjevast løyve til havbeite med stort kamskjel på strekninga frå den sørlege grensa av Hå kommune i Rogaland og til svenskegrensa. Av dei same grunnane vert det også stilt krav om at dyra som vert sett ut er stadeigne.