Driftsplansøknad

Oppdatert: 10.03.2015

Driftsplanar (skjemanummer FD-0006) skal sendast inn elektronisk via Altinn.

Formål med skjemaet

Jamfør Akvakulturdriftsforskrifta § 40 skal driftsplan for matfisk og stamfisk av laks, aure, regnbogeaure og torsk, for dei neste to kalenderåra, sendast til Fiskeridirektoratet sine regionkontor for godkjenning. Innsendinga skal gjerast innan 1. oktober.

Kven skal bruke skjemaet?

Akvakulturanlegg som har matfisk og stamfisk av laks, aure, regnbogeaure og torsk skal bruke skjemaet. Mottakarar av skjemaet er Fiskeridirektoratet og Mattilsynet.

Saksflyt

Fiskeridirektoratet mottar alle søknader, og kvalitetssikrar at søknaden inneheld nok informasjon til å kunne saksbehandlast.

Dersom søknaden er komplett, blir den sendt vidare frå Fiskeridirektoratet til Mattilsynet. Dersom søknaden har manglar, tar Fiskeridirektoratet kontakt med søkjar og ber søkjar sende inn korrigert søknad.

Skjema

Driftsplansøknad for akvakulturanlegg i sjøvatn

Utskrift av driftsplan

I Fiskeridirektoratet sine interne verktøy er den grafiske framstillinga av driftsplanen mykje meir lesarvennleg enn den pdf-varianten som du får som kvittering frå Altinn. Du kan få kopi av Fiskeridirektoratet sin visning av driftsplanen din ved å kontakte det regionkontoret du tilhøyrer.