Du er her:

Ekstra merksemd på legemiddelbruken ved anlegg nær rekefelt

Oppdatert: 20.10.2017

Fiskeridirektoratet har dei siste åra hatt auka merksemd på bruken av legemiddel. - Vi jobber med å danne oss eit bilete av bruken, og vil no i tillegg ha ekstra merksemd på dei anlegga som er i nærleiken av rekefelta, seier Henrik Hareide.

Utvendige parasittar som lakselus er eit av dei mest alvorlege fiskehelseproblema i norsk fiskeoppdrett. Kitinsyntesehemmarar er eit avlusingsmiddel brukt i fôr, og skal bidra til at skalskiftet til lakselusa blir hemma.

Frå februar i år vart det innført ei endring i akvakulturdriftsforskrifta, der det vart gitt restriksjonar i bruken av kitinsyntesehemmarar.

– Denne endringa i akvakulturdriftsforskrifta gjer oss eit godt grunnlag for å seie eksplisitt til oppdrettarane når dei ikkje har lov å bruke slike middel, seier Henrik Hareide, sjef for tilsynsseksjonen i Fiskeridirektoratet.

Det heiter no i forskrifta at kitinsyntesehemmarar ikkje kan brukast på same lokalitet før det har gått minst seks månadar frå siste behandling. Kravet er satt for å førebyggje opphoping av kitinsyntesehemmar på botn.

Kartlegg rekefelt

Forskriftsendringa er innført for mellom anna å gje rekebestanden sterkare vern, og er i tråd med naturmangfaldlova sitt føre-var-prinsipp.

Kitinsyntesehemmarar kan heller ikkje brukast på lokaliteter nærare enn 1000 meter frå rekefelt.

– Vi har gjennom mange år kartlagt rekefelta, som både er eit ressursområde og eit reiskapsområde. Det blir og lagt ned ein stor jobb i samband med rullering av kommuneplanar for å synleggjere bruken av rekefelta og oppnå eit vern av denne viktige ressursen, seier Hareide.

Ikkje alle har fått med seg kravet

Fiskeridirektoratet har eit tilsynsansvar for det som havnar på botn under anlegga. Dette gjeld mellom anna oppfølging av miljøundersøkingar og legemiddelbruk.

– Vi har jobba med å informere om endringa, mellom anna på AquaNor i haust. Ikkje alle har fått med seg kravet, og vi minner difor igjen om innstrammingane i bruken av kitinsyntesehemmarar. Det er også viktig å påpeike at oppdrettarane har ei eiga plikt til å halde seg oppdaterte på regelverksendringar, seier Hareide.