Du er her:

Næringa kan logge inn på Minside

Oppdatert: 01.09.2017

«Minside» er opna for akvakulturnæringa. – Eit stort skritt mot sjølvbetjent samhandling med næringa, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.

På fiskeridir.no kan no næringsaktørar, med rollar i Altinn knytt til selskapa, sjå alt frå aktive løyve til biomasse- og miljø- og NYTEK-rapportar.

Det som no er på plass er første steg mot ein meir automatisert og effektiv samhandling mellom næringa og direktoratet. I åra framover skal Minside utviklast med verktøy for mellom anna søknadshandsaming og dialog.

Fiskeridirektør Liv Holmefjord

- Elektronisk saksbehandling, der det er mogleg, skal bidra til likebehandling og meir oversiktleg og brukarvenleg kommunikasjon mellom direktoratet og næringa. Den overordna målsetjinga er at forvaltninga skal bli meir open og tydeleg for oppdrettarane, presiserer Holmefjord.

Treng tilbakemeldingar

For å få ei best mogleg løysing for næringa treng vi at oppdrettarane brukar Minside og melder tilbake:

– Me treng ei næring som seier i frå kva dei menar om løysinga, seier ho.

Ikkje alt er på plass

– Det neste på planen innanfor akvakultur på Minside er rømmingsmelding og driftsplansøknad, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.

Arbeidet med Minside går framover med full styrke. Det er først om eit år eller to at dei store gevinstane av arbeidet kan haustast:

– Det er viktig å presisera at det ikkje er ei fullverdig løysing som no ligg tilgjengeleg på nett. Me er enno i ein tidleg fase, og fleire funksjonar skal leggast til løysinga i åra som kjem, seier Holmefjord.

For å logga seg på kan ein nytte lenka øvst på fiskeridir.no.