Du er her:

Rømming frå settefiskanlegg i Kvinnherad

Oppdatert: 26.06.2017

Onsdag 14. juni fekk Fiskeridirektoratet melding frå Sjøtroll Havbruk AS om at selskapet hadde hatt ei rømming av settefisk frå sitt anlegg i Sunndal i Kvinnherad. Selskapet reknar med at rundt 1000 regnbogeaure har rømt.

Settefiskanlegget ligg tett ved Bondhuselva i Maurangerfjorden. Fiskeridirektoratet region Vest har vore på tilsyn etter rømminga og Sjøtroll Havbruk AS har fått varsel om at dei må føreta utfisking av rømt regnbogeaure frå Bondhuselva.

Fisken er i storleiken 18-25 gram og er ikkje klar for sjøvatn.

Rømminga skjedde i samband med sortering, og selskapet er i gang med gjenfangst etter pålegg frå Fiskeridirektoratet.

Det er så langt gjenfanga om lag 700 individ, og det skal utførast ny runde med gjenfangst når vassføringa i elva går går ned.