Du er her:

Ønskjer tips om rømt fisk i Hardanger

Oppdatert: 21.06.2017

Fiskeridirektoratet har den siste veka tatt imot tre ulike tips med observasjonar av mogeleg rømt fisk i Hardanger, og ønskjer no fleire tips om rømt fisk i området.

 Alle dei fire meldingane frå publikum dreier seg om laks i storleiken 4-6 kg i midtre deler av Hardangerfjorden.

– Det er ingen oppdrettarar som har meldt om rømming av laks i denne storleiken så dette er etter alt å døme snakk om rømming med ei ukjent kjelde. Vi har kontakta alle potensielle anlegg i området og bedt om tilbakemelding på når dei sjekka anlegga sist og når dei skal kontrollere neste gong, seier seksjonssjef Leni Marie Lisæter i Fiskeridirektoratet region Vest.

Stort skadepotensiale

Så langt er det ikkje grunnlag for å talfeste kor mykje fisk som kan ha rømt eller kor den kan ha rømt frå. Ved sida av tilbakemeldingar frå oppdrettarar i området, ønskjer Fiskeridirektoratet fleire tips frå publikum slik at direktoratet kan få eit betre bilete av den ukjente rømminga i Hardanger.

– Fisk på denne storleiken på denne tida av året har eit stort skadepotensiale dersom den går opp i elvene, seier Lisæter.

Tips kan meldast inn til FMC – Fiskeridirektoratets døgnopne vaktsentral på telefon 03415