Du er her:

Gjenfangstfiske i Hardangerfjorden avslutta

Oppdatert: 29.06.2017

Av omsyn til vill anadrom fisk og marine arter er gjenfangstfisket etter rømming ved Bremnes Seashore AS sin lokalitet Apalvika i midtre Hardanger no avslutta.

Selskapet har fangsta om lag 200 oppdrettslaks etter rømmingshendinga som vart meldt til Fiskeridirektoratet onsdag forrige veke.  

Rømminga har skjedd i eit område med mange sårbare laksebestandar og Fiskeridirektoratet vil no vurdere å gje selskapet pålegg om overvaking av vassdrag fram mot villaksen si gytetid.

Ønskjer tips

Fiskeridirektoratet ønskjer framleis tips om observasjon og fangst av rømt oppdrettslaks i området.

Du kan ringe vår døgnopne vaktsentral på telefon: 03415.

Gjeldande fiskereglar i området må følgast.