Du er her:

Rømmingskjelde fortsatt ukjent

Oppdatert: 26.10.2016

Fiskeridirektoratet arbeider fortsatt med handtering av ei rømming med ukjent kjelde i området Haugaland–Sunnhordland og planlegg no overvaking av aktuelle vassdrag for å kartlegge om den rømte fisken vil søke opp i elvene når vassføringa aukar.

Dei første meldingane til Fiskeridirektoratet om fangst av rømt oppdrettsfisk i området kom første veka i oktober.

Det har kome inn om lag 50 tips, i hovudsak frå området Haugaland–Sunnhordland, men heile kyststrekninga Haugesund-Hardanger-Bergen er representert. Tipsa dreier seg om til dels store fangstar teke på garn. Fisken er i storleiken 2 - 4 kg.

— Fiskeridirektoratet er uroa for situasjonen med til dels store mengder rømt oppdrettslaks i området, og denne situasjonen føyer seg dessverre inn i rekka av fleire slike rømmingshendingar med ukjent kjelde i regionen dei siste åra, seier Henrik Hareide, seksjonssjef i Fiskeridirektoratet.

Utfordrande situasjon

Fiskeridirektoratet har gått gjennom dokumentasjon frå oppdrettsselskapa i området. Samtlege av dei mest aktuelle anlegga har hatt dykkarinspeksjon utan at ein har klart å finne kjelda til rømminga.

Inspeksjon. Foto © Fiskeridirektoratet

Området der vi har bede om slike inspeksjonar er utvida utan at det har gjeve resultat.

— Vi står ovanfor ein situasjon der ein aktør enten manglar tilstrekkelege rutinar for å avdekke rømming av eit slikt omfang, eller i verste fall ikkje rapporterer om ei større rømmingshending. Dette er uansett ein utfordrande situasjon for Fiskeridirektoratet og uheldig for næringa sitt omdømme, seier Hareide vidare.

Overvaking av elver 

Det er så langt ikkje teikn på at den rømte fisken har gått opp i vassdrag i regionen. Fiskeridirektoratet planlegg likevel overvaking av aktuelle elver i området for å kartlegge om den rømte fisken vil gå opp i vassdrag når vassføringa aukar.

Fiskeridirektoratet har også hatt avtale med fiskarar om å drive gjenfangstfiske i Børøyfjorden sør for Bømlo. Dette fisket gav lite fangst og vart avslutta etter nokre dagar.

— Vi trur at fisken er i ferd med å spreie seg over eit større geografisk område og Fiskeridirektoratet vil ta høgde for dette i planlegging og gjennomføring av overvaking og uttak, seier Hareide.

Takknemleg for tips

Fiskeridirektoratet er takknemleg for alle tipsa som har kome inn. Det er fortsatt mogleg å melde frå til vår døgnopne vaktsentral, telefon 03415.

Gjeldande fiskereglar for Hordaland finn du på www.fylkesmannen.no/fiskereglar, og for Rogaland på www.lovdata.no