Du er her:

Høg gjenfangst av regnbogeaure etter rømming i Sunnhordland

Oppdatert: 27.12.2016

Over halvparten av fisken er gjenfanga etter ei rømming av regnbogeaure i Sunnhordland i vinter. Dette går fram av sluttrapporten om gjenfangst som no er levert til Fiskeridirektoratet.

Det var i februar i år at Sjøtroll Havbruk melde om rømming frå lokaliteten Stualand i Ålfjorden i Sunnhordland. Etter oppteljing blei det klart at om lag 53 000 regnbogeaure hadde rømt. Selskapet sette straks i gang med gjenfangst i området der anlegget ligg.

Fiskeridirektoratet påla selskapet å utvide gjenfangstaktivitane i sjøen, og å foreta overvaking og uttak av rømt regnbogeaure frå vassdrag i området. Det blei også etablert eit mottak der fritidsfiskarar kunne levere inn fangst. Selskapet betalte kompensasjon på 50 kr per fisk som blei levert inn.

29 000 fisk

Registrert gjenfangst er på om lag 29 000 individ, noko som svarar til over halvparten av den rømte fisken. Dei fleste blei fanga nær rømmingslokaliteten og i løpet av dei første vekene etter hendinga. Innleidde fiskarar stod for 88 prosent av fangstane.

Etneelva utfordrande

Til saman 13 elver i området har blitt undersøkt av Rådgivende Biologer i perioden mars til april 2016. Det er registrert uttak av 38 individ frå desse, og ein betydeleg del er fanga av lokale krefter. Erfaringa var at det var lett å fjerne regnbogeaure frå dei små elvene, men meir utfordrande i ei stor elv som Etneelva, der fisken kunne vike unna eller skjule seg. Konklusjonen er også at det berre var i Etneelva det stod att rømt regnbogeaure etter den siste runden med overvaking og uttak.

Mengda regnbogeaure som blei observert i elvene var svært liten samanlikna med fangstane i sjø, men det er truleg høgare risiko for skade på miljø knytt til desse individa.