Du er her:

Overvakinga av vassdrag i Sunnhordland er i gong

Oppdatert: 05.04.2016

Sjøtroll Havbruk har denne veka overvaka fleire vassdrag i Sunnhordland og nord i Rogaland etter pålegg frå Fiskeridirektoratet. Gjenfangsten i sjø fortsetter i utvida område.

Overvaking av vassdrag

Foto © Fiskeridirektoratet

Illustrasjon. Foto: Fiskeridirektoratet

Det er observert totalt 21 regnbogeaure i dei vassdraga som er overvaka. Så langt er fire fiskar teke ut ved harpunering og situasjonen vil bli fulgt opp med tanke på å ta ut fleire. Det er Rådgivende Biologer som utfører overvakinga og uttaket i vassdraga på oppdrag frå Sjøtroll Havbruk.

Følgjande vassdrag er omfatta av pålegget om overvaking og uttak:

Hordaland: Fjonselva, Etneelva, Melandselva og Ådlandsvassdraget

Rogaland: Svendsbøelva, Vikebygdelva, Vågselva, Oselva og Eidselva

Utvida gjenfangst i sjø

Fiskeridirektoratet har også gitt pålegg til selskapet om å utvide gjenfangsten i sjø til området Bjoafjorden – Skånevikfjorden. Dette vart gjort etter at det kom inn meldingar om fangst av regnbogeaure utanfor Ålfjorden.

Mottaksstasjon

Fiskeridirektoratet fikk melding om rømminga i Ålfjorden 18. februar. Rundt 53 000 regnbogeaure har rømt, og det er gjenfanga rundt 28 000.

Sjøtroll Havbruk har oppretta mottaksstasjon ved Raunevågen i Sveio og betalar 50 kroner per fisk. Fiskeridirektoratet oppfordrar dei som fiskar om å levere inn fangsten.

Vi minner om at det er nedsenkingspåbod for garn frå 1. mars.

Meld inn fangst av oppdrettsfisk

Dei som fangar fisk i Ålfjorden, melder frå til Sjøtroll.

Dei som fangar fisk utanfor Ålfjorden, melder frå til Fiskeridirektoratet.

Generelt ber vi alle fritids- og yrkesfiskarar om alltid å melde inn fangst av oppdrettsfisk til vår døgnopne tipstelefon, 03415.