Du er her:

Teljing syner stor rømming

Oppdatert: 02.01.2014

20. desember 2013 blei det gjennomført teljing av laks ved lokaliteten Klungsholmen ved Espevær på Bømlo. Teljinga syner at over halvparten av fisken i merden har rømt.

Fiskeridirektoratet region Vest mottok
7. desember 2013 melding om rømming frå NRS Feøys sin lokalitet Klungsholmen ved Espevær på Bømlo. I meldinga blei det oppgitt at den mest sannsynlege årsaka var gnag mot not frå oppheng til brunnring . Ifølge rømmingsmeldinga del 1 var det opphavleg 129 067 laks med ei snittvekt på 2,88 kg i ein av merdane.

Fylkesmannen og Mattilsynet er orienterte i samsvar med varslingsrutinane.

Skal etterforskast
Fiskeridirektoratet region Vest mistenkjer at rømminga kan skuldast brot på akvakulturlovgivinga, og det er difor bestemt at saka skal etterforskast nærare av politiet.

Direktoratet gjorde 8. desember 2013 vedtak som kravde teljing av laksen i merden og skifte av not. Oppdrettsselskapet blei òg pålagd og setje i verk alle naudsynte tiltak for å sikre at tilsvarande hendingar ikkje skulle skje på nokon av dei andre merdane på lokaliteten.

68 000 rømte laks
Teljinga av attverande laks i nota syner at det hadde rømt cirka 68 000 laks.

– Generell feilmargin ved teljing på brønnbåt er 2-3 prosent. Sjølv om ein tek høgde for dette, kan ein i alle høve dessverre konkludere med at det har vore ei stor rømming, seier regiondirektør Vidar Ulriksen.

Positive til tiltak
Regiondirektøren fortel at i samband med at det blei rapportert om fangst av oppdrettslaks i regionen, utvida direktoratet – i samråd med fylkesmennene i Hordaland og Rogaland – gjenfangstområdet med verknad frå 9. desember.

– Oppdrettsselskapet har difor òg hatt ein innsats utanfor grensa på 500 meter. Innsatsen målt i mengde garn har vore stor. På tross av dette har vi fått rapportert om at det er tatt 347 fisk, seier Ulriksen.

– Fiskeridirektoratet region Vest har hatt ein positiv dialog med bedrifta, som har vore positive til å gjennomføre risikoreduserande tiltak, avsluttar regiondirektøren.

Kontakt
Vidar Ulriksen, regiondirektør, telefon 918 98 731