Du er her:

Om framdriften i arbeidet med grøne løyve

Oppdatert: 17.01.2014

Faggruppa for tildeling av grøne løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure vil ferdigstille og sende ut vedtak om prekvalifisering i gruppe B innan utgangen av januar.

Faggruppa for tildeling av grøne løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure vil ferdigstille vurderinga si av søknader i gruppe B og sende ut vedtak om prekvalifisering i denne gruppa innan utgangen av januar.

Boda vil ikkje bli opna før eventuelle klager på prekvalifisering i gruppe B er ferdig handsama i forvaltninga.

Etter utsending av vedtaka om prekvalifisering i gruppe B, vil faggruppa halde fram med vurdering av søknadene i gruppe A og C. Tidspunkt for når dette arbeidet er ferdig er ikkje klart enno. Arbeidet kan uansett ikkje gjerast ferdig før etter at Nærings- og fiskeridepartementet har ferdigstilt klagehandsaminga av vedtak om avvisning av søknader i desse gruppene.