Du er her:

Næringa bør betale for utfisking

Oppdatert: 08.12.2014

Fiskeridirektoratet skriv i høyringssvar til Nærings- og fiskeridepartementet at vi er positive til ei ordning der akvakulturnæringa skal betale for utfisking av rømt oppdrettsfisk i vassdrag.

Nærings- og fiskeridepartementet har nyleg hatt ute på høyring eit forslag til forskrift om fellesansvar for utfisking av rømt oppdrettsfisk.

I mange lakseførande vassdrag er innslaget av rømt oppdrettslaks for høgt, og det er naudsynt å redusere risikoen dette inneber for bestandane.

Forslaget frå Nærings- og fiskeridepartementet legg til rette for ei meir systematisk tilnærming til denne utfordringa etter prinsippet om at forureinar betaler. Det er også ein styrke at den nye forskrifta skal baserast på fagleg kvalitetssikra data frå det nasjonale overvakingsprogrammet som tek føre seg førekomstar av rømt oppdrettslaks i vassdrag.

– Vi ser eit tydeleg behov for systematisk planlegging og gjennomføring av utfisking av rømt oppdrettsfisk i vassdrag, men meiner prinsipielt at ansvaret for dette bør ligge hos Fiskeridirektoratet, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.

Departementet gjer framlegg om at forvaltingsoppgåver skal ivaretakast av eit ikkje-offentleg organ. Fiskeridirektoratet meiner at dette fører til ei rekkje prinsipielle utfordringar, særleg knytt til spørsmål om andre interessentar sitt høve til få kunnskap om og eventuelt klage på dei vurderingar organet gjer. Samstundes vert òg den samla forvaltninga meir komplisert.