Du er her:

Kor mykje rømt laks i ville gytebestandar

Oppdatert: 02.06.2014

Stortinget har pålagt fiskeriforvaltninga ansvar for å følgje utviklinga når det gjeld rømt oppdretts-laks og kva skader denne kan påføre miljøet.

Villaks. Foto © Uni Research Miljø, Bjørn Barlaup

Frå 2005 har Fiskeridirektoratet hatt ansvar for den årlege gytefiskgranskinga som viser kor stor del rømt oppdrettslaks det er i utvalde ville laksebestandar. Fiskeridirektoratet samarbeider tett med Norsk institutt for naturforsking (NINA) som står for innsamling og analyse av skjelprøver.