Du er her:

Utsett frist for innsending av søknad om godkjenning av driftsplan for 2018/2019

Oppdatert: 30.09.2017

For å koordinere søknad om driftsplan for 2018-2019 med innføring i produksjonsområder, vil Fiskeridirektoratet og Mattilsynet utsetje frist for innsending av søknad om driftsplan til 1. november.

Krav til driftsplan

For å drive akvakultur på ein lokalitet skal innehavar av løyve for matfisk og stamfisk av laks, aure, regnbogeaure og torsk ha ein årleg godkjenning av driftsplan frå Fiskeridirektoratet i tråd med akvakulturdriftsforskrifta § 40.

Frist for innsending av driftsplan for åra 2018-2019 skal sendast Fiskeridirektoratet i Altinn innan 1.november 2017.

Utfylling og kvalitetssikring av søknad

Driftsplansøknad, og alle vedlegg knytt til søknaden, skal sendast via skjema i Altinn. Dette gjeld også endringar av tidlegare innsendt plan.

Fiskeridirektoratet mottar alle søknader, og kvalitetssikrar at søknaden inneheld nok informasjon til å kunne saksbehandlast. Søknaden kan ikkje handsamast før den er komplett og rett utfylt i tråd med punkta under. Dersom søknaden har manglar vil Fiskeridirektoratet krevje at det vert sendt inn ny, korrigert søknad. Først når søknaden er komplett, blir den bli sendt vidare til Mattilsynet.

For å spare tid på utfylling av søknaden, kan ein lage ein kopi av den sist(e) godkjende planen for 2017-2018 og redigere denne, slik at den viser driftsplansøknad for 2018-2019. 

Minimumskravet til utfylling av driftsplansøknaden:

  1. Det skal sendast inn separate driftsplansøknader for kvart selskap (organisasjons nr.) Unntak er på lokaliteter der det er godkjent samdrift, der det skal sendast inn felles driftsplan.
  2. Det må kome fram av driftsplanen kva for løyver som vert drifta på den enkelte lokalitet. Det enkelte løyve må veljast separat og må vere rett.[1]
  3. Når det gjeld søknad om drift av stamfiskløyver skal det  sendast inn separat søknad for kvart organisasjons nr. som innehar stamfiskløyver.
  4. For andre løyver til særlige formål[2] må antal fisk som er planlagt sett ut på kvart løyve framkome av søknaden.
  5. Alle godkjende lokalitetar for kvart organisasjons nr. må vere med i søknaden, også der det ikkje er planlagt drift i driftsplanperioden.
  6. Alle månadene i planen må vere utfylt med data. Planar med tomme månader vil verte sendt i retur. Periodar der det ikkje er drift på lokaliteten skal førast i skjemaet som brakklagt.
  7. Tidspunkt for utsett, utslakt og tidsrom for brakklegging på lokaliteten må vere rett.
  8. Art og talet på fisk som vert sett ut må vere rett.
  9. Søknad om utsett og eventuell flytting av fisk til andre lokaliteter må markerast og skal berre gjelde løyve der ein sjølv er innehavar og ikkje dei ein samlokaliserer med. Det må sendast inn separate søknader for kvart selskap dette gjeld for.
  10. Tidspunkt for planlagde B - og C – granskingar må leggjast inn i planen i tråd med frekvensar i NS9410:2016, Miljøovervåking av bunnpåvirkning fra marine akvakulturanlegg.

Saksbehandling

Mattilsynet kan fatte vedtak om avslag på søknaden for ein eller fleire lokalitetar, vedtak om lengre brakkleggingstid enn to månader på den enkelte lokalitet og koordinert brakklegging av eit område, dersom omsynet til fiskehelse tilseier det.

På lokalitetar der Mattilsynet kan godkjenne utsett, blir uttale om dette sendt til Fiskeridirektoratet som gjev vedtak om endelege godkjenninga av søknaden eller avslag om at utsett ikkje kan godkjennast. Kvar etat gjev eit sjølvstendig avslag på driftsplanen, og eventuelle klager må sendast den etaten som har avslått.

Endring av driftsplan:

Dersom det er vesentlege endringar samanlikna med godkjent del av plan (eksempelvis i punkta 1-10 over), skal det søkjast om endring av driftsplan.

Dersom nye løyver vert godkjent og sett i drift på ein lokalitet, må driftsplan vere godkjent før det nye løyvet vert teken i bruk på lokaliteten.

Husk at alle endringar og eventuell dokumentasjon skal sendast via Altinn-skjemaet, og ikkje direkte til Fiskeridirektoratet eller Mattilsynet.

Det er ikkje lov å setje ut fisk på ein lokalitet på eit løyve før driftsplanendringa er godkjent av Fiskeridirektoratet sitt regionkontor[3].

Dersom ein er i tvil om endringa er vesentleg, ta kontakt med Fiskeridirektoratets regionkontor i god tid for å avklare om det må sendast søknad om endra driftsplan.

[1] Alle løyve på lokaliteten vert automatisk henta inn i ei liste i søknadsskjemaet. Denne lista kan søkjaren redigere. Selskapa fjerne dei løyva som ikkje skal driftast på lokaliteten, før søknaden blir sendt inn. Dette er særleg viktig på lokalitetar der det er planlagt drift av løyve med særlege vilkår (eksempelvis «grøne løyve», løyve til forsking, undervising, stamfisk, vising, løyve til kapasitetsauke i 2015).

[2] Kap. 5 i Forskrift om tillatelse til akvakultur for laks, ørret og regnbueørret (laksetildelingsforskriften)

[3]Forskrift om drift av akvakulturanlegg (akvakulturdriftsforskriften) § 40 sjette ledd og Forskrift om tillatelse til akvakultur for laks, ørret og regnbueørret (laksetildelingsforskrifta) § 37 første og tredje ledd.

I tillegg til å søke om driftsplangodkjenning, skal oppdrettere sende luseplan for neste år til Mattilsynet innen 1. oktober. Innsending av luseplaner er koordinert med driftsplangodkjenning. Fristen for å sende luseplaner til Mattilsynet utsettes derfor også til 1. november.